Viser innlegg med etiketten DKL 104. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL 104. Vis alle innlegg

fredag 19. mars 2010

Videoproduksjon 19 mars!




Til å lage filmen nytta vi redigeringsprogrammet VideoPad.

-Rune

Videoproduksjon!!

Denne samlinga har vi jobba med video-produksjon! Her er eine øvingsoppgåva!

Filmen heiter "Hunden min"!

Staring: Rune Haugen




-Rune

mandag 15. mars 2010

Avis-produksjon

Tenkte at eg skulle dele ei lenkje til nettavisa vi har laga på emnet 104! Nettavisa var også ei mappeoppgåve.

Du finn avisa HER



Det å lage avis var kjempegreier! Kjekkaste var å lage til lay- out. PEDIT har litt begrensende moglegheiter, men absolutt nok til skulebruk!

-Rune

onsdag 10. mars 2010

Videoproduksjon

Det å lage film krev mykje av den som skal lage den. Det viktigaste er kreativitet. Ein treng eit veldig godt utgangspunkt og ein glimrande og interessant ide.

I leksjonen om videoproduksjon var ei av oppgåvne å planlegge ein filmsnutt på tre minutt. Det er mange ide-metoder ein kan bruke. Mest kjende er kanskje tankekart, idemyldring. Eg har valgt å bruke rammemetoden( klarte ikkje logge meg innpå MINDOMO:(.  )Andre metoder finn du HER

Rammemetoden
Har altså planlagt ein film om lærarlivet. Delt det inn i tre rammer. I ramme 1 litt om korleis andre ser på lærarar. I ramme to kvifor dei som er lærarar er lærarar. I ramme 3 litt om utfordringar i yrket.

Ser for meg ein film der ein spelar på fordommane til lærarane i starten for seinare i filmen gå over/spole tilbake og til korleis ein lærar faktisk ser på jobben sin og kva jobben faktisk innebær.

-Rune

tirsdag 16. februar 2010

Avisproduksjon - I journalistens verden.

Slankekur i fengsel







Kvifor er dette ei nyhende?

1. For det fyrste er den veldig aktuell med tanke på all fokus det er på slankepress i desse tider. Det er også ei "ny" nyhende. Det er noko ikkje alle har hørt før, i alle fall ikkje eg og dei seg sit at med no.

2.Den har en viss informasjonverdi. Dette med slanking er noko som engasjerer veldig mange mennesker.

3. Vidare har den identifikajsonsverdi. Som nevnt over har mange eit forhold til dette med slanking. Enten det gjelder ein sjølve eller ein nær ven.

4. Det er også ei sak som er litt sensasjonell. " Plasere tjukke folk i fengsel for å slanke dei". Dette vekkjer oppmersomheit.

5. Det er også konsonanse i denne artikkelen. Den stemmer overens med korleis verden har blitt. Det er eit stadig auka fokus på slanking.

Desse punkta eg har brukt har eg henta frå Øystein Sande. Han nevner 9 pkt. Denne artikkelen oppfyller i alle fall fem av desse. Dermed kan ein seie at den har god nyheitsverdi.

Det er også ein god artikkel når det gjeld oppbygging. Den har ein kort og fin inngress og ei bra fengjande overskrift. Det som trekkjer ned er at den er litt for lite infomrativ. Litt tynn brødtekst. Den har rett å slett litt for lite kjøtt på beinet.


FEATURE
Ein feature er ein sjanger som har veldig fri form. Det er den sjangeren som er mest littrær og henvender seg til heile lesaren sitt kjensleregister. Ein anna ting med feature er at artikkelen peiker på viktige detaljer, den er lettlest og presenterer innhaldet på ein måte som underbyggjer innhalde og den tar for seg "mjuke saker".

Kvifor er dette ein feature?

For det fyrste er det ei veldig mjuk sak. Den tar for seg livet til ein veldig aktuell skodespelar. Ein anna ting er at den spelar på ein del kjensler hjå lesaren. Barn, bestefar, meiningar som at barn bør vente til dei er to år før dei skal i barnehagen osv....Vidare er det ein lettlest artikkel med detaljar om hans liv som er veldig viktige med tanke på sjølve innhaldet. I tilegg til dette har artikkelen
  • inngress
  • overskrift
  • to bileter eller meir
  • brødtekst
  • bildetekst
Som skal vere i ein slik artikkel.


-Rune

fredag 12. februar 2010

Design

Kva er det som gjer ei nettside bra. Kva er bra web-design?

Her kjem ein del lenkjer til sider eg syntes er bra:








http://www.oldhatrecords.com/cd1001.html
Ei side eg synest er bra. Den har lydklipp, bileter, god lay out. Virker rett å slett veldig for seg gjort.:)

http://www.bebopjeans.com/index.html
Ei veldig for seg gjort side. Gode fargar og moderne. Målgruppa her er nok ungdom 13-18år! Kort og enkel meny. Lett å finne fram.


og mindre bra







Ei veldig oversikteleg side, men veldig kjedeleg etter min smak. Her har dei ikkje tenkt på utsjånad og utdjupande informasjon. Kanskje det hadde gjort seg med nokon bileter? På ei anna side er kanskje sida laga utifrå målgruppa? Folk som skal ha elektrikarar treng berre telefonnr. Og det får dei her. Men med ei meir for seg gjort side med fargar, bileter, andre skriftyper osv, hadde skaffa fleire kunder! :)


Veit ikkje eg, men det var noko som verka veldig rotete med denne sida. Kanskje betre å ikkje ha dei punkta gøymt. Ideen er god, men kanskje burda vore betre utarbeidd!

For det fyrste er den ikkje ferdig. Mange linkar som ikkje verkar. Fargane er heller ikkje noko særleg. Det er også vanskeleg å forstå kva det er denne sida sel. Veldig mykje bilder, utan informasjon!



Tusen prisar på ei side. For eit rot!;)

http://maxpages.com/mp3super/HTML_KODER

Tja, veldig mykje fargar å stjerner. Men er nok ikkje gamle karen som har laga denne. Kanskje han eller hjo burde konsentrert seg om meir informasjon om enkelte ting, og iKKJe lite info om alt!

Podcast om mediedanning

På samling fredag 5 februar byrja vi på oppgåva om mediedanning. Vi fordelte arbeidsoppgåvene og gjekk.

Rune: Intervjue lærar og elev på ungdsomsskulen

Stian: Intervju med lærar og elev på VGS

Laila og Vidar: Forord og avlsutning

Trond: Redigering

Per dags dato er intervjua, forord og avslutning sendt til redigering.:)

Dei 500 orda om prosess er også snart i mål!

-Rune

fredag 5. februar 2010

mandag 25. januar 2010

Å halde på med prosjektarbeid er kjekt og lærerikt!

For at prosjektarbeid skal fungere må læraren ha god styring på klassa og ha klare og vel formulerte mål med arbeidet.

Prosjektarbeid blir definert slik: Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert,

engangsarbeid. (Andersen og Schwencke, 2001 s.11)
 
Ein deler prosjektarbeid inn i fleire fasar. Det viktigaste blir å finne eit tema og avgrense dette. Vidare blir det viktig å jobbe fram ei problemstilling som svarar til oppgåveteksta og som ein etter at avgrensinga er bra nok ,kan lage eit produktmål ut av. Det som blir viktig er at problemformuleringa ikkje blir for stor. At den krever for mykje av oss. Eit lite ord i formuleringa som kan velte stort lass, som han sa eksamenssensoren. Til dømes dersom vi skriv skal istadenfor kan. Å bruke skal vil sette eit mykje større krav til oss studentar.
 
Anna døme:
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, skal øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, kan øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn.
 
Desse problemstillingane er veldig like, men det eine ordet gjer at krav til fagleg kompetanse er mykje, mykje større i den fyrste formuleringa enn i den andre.
 
Til slutt vil eg berre seie at eg gledar meg til å byrje med prosjektarbeid på DKL 104! :)
 
-Rune Haugen

Mediesamfunnet - heng skulen med i utviklinga?

Å gi noko godt svar på overskrifta mi er ikkje enkelt. Det som er sikkert er at skulen har eit ansvar når det gjeld å førebu elevar til livet i det moderne mediesamfunnet. Det står i dei nasjonale planane at elevane skal kunne bruke digitale verkty. Og ein av delane dei skal kunne er å bruke desse verktya på ein danna og god måte( Krumsvik 2007).

I artikkelen "Krever medieutviklingen en ny dannelsetenking" av Svein Østerud tek han opp dette med danning og om skulen gjenspeglar korleis samfunnet har gått over til å bli eit mediesamfunn.

Han seier noko om korleis kunnskapen i skulen har gått fra å vere statisk og av ein objektiv storleik til å bli meir dynamisk og subjektiv, at den heile tida er i forandring og at kunnskapen høyrer til ein person, den er blirr meir intim( Østerud)

Vidare meiner han at Kunnskapsløftet ikkje har tenkt grundig nok over komptetanseomgrepet. Han meiner at danningsperspektivet vil forsvinne dersom ein dei blir forankra i enkle isolerte læringsmål som i L06 og at han saknar ein teori om korleis vi mennesker tar i bruk teknologien med eit bestemt føremål. At det finnast ein dynamikk mellom menneske, teknologien og verda rundt oss.

Noko han også peiker på er at litteracy-omgrepet er forandra. Å vere "literate" er ikkje lenger berre det å kunne å lese og skrive. Ein må også kunne ta i bruk ulike medieringsformer for å få fram sitt budskap. Ei medieringsform kan vere ei datamaskin.

Når det gjeld sjølve danningsomgrepet seier Østerud at det er dynamisk og transformativt. At skulen heile tida er i utvkling og derfor må den også heile tida vere open for forandringar slik at den heng med i den teknologiske utviklinga. Og det at literacy-omgrepet er forandra stiller større krav til å lære elevane om danning i eit nytt mediesamfunn.

Eit problem er at dagens skule ikkje møter elevane på deira nivå og ser heller på samfunnet som elevane veks opp i som noko negativt og skummelt. På denne måten blir det ikkje trekt nokon forbindelseslinjer mellom skulen og samfunnet ellers. Kanskje de var derfor at 1700 elevar strauk på norskeksamen på VGS i 2001? At sidan skulen plutseleg tok ironien til sitt bryst og gav elevane ei oppgåve om rein ironi, då hadde ikkje elevane evner til å forsåt dette sidan skulen ikkje på nokon måte tidlegare hadde gjenspegla det ironisamfunnet som dagens unge faktisk veks opp i gjennom si undervisning.

Rune Haugen