mandag 25. januar 2010

Å halde på med prosjektarbeid er kjekt og lærerikt!

For at prosjektarbeid skal fungere må læraren ha god styring på klassa og ha klare og vel formulerte mål med arbeidet.

Prosjektarbeid blir definert slik: Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert,

engangsarbeid. (Andersen og Schwencke, 2001 s.11)
 
Ein deler prosjektarbeid inn i fleire fasar. Det viktigaste blir å finne eit tema og avgrense dette. Vidare blir det viktig å jobbe fram ei problemstilling som svarar til oppgåveteksta og som ein etter at avgrensinga er bra nok ,kan lage eit produktmål ut av. Det som blir viktig er at problemformuleringa ikkje blir for stor. At den krever for mykje av oss. Eit lite ord i formuleringa som kan velte stort lass, som han sa eksamenssensoren. Til dømes dersom vi skriv skal istadenfor kan. Å bruke skal vil sette eit mykje større krav til oss studentar.
 
Anna døme:
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, skal øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, kan øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn.
 
Desse problemstillingane er veldig like, men det eine ordet gjer at krav til fagleg kompetanse er mykje, mykje større i den fyrste formuleringa enn i den andre.
 
Til slutt vil eg berre seie at eg gledar meg til å byrje med prosjektarbeid på DKL 104! :)
 
-Rune Haugen

Mediesamfunnet - heng skulen med i utviklinga?

Å gi noko godt svar på overskrifta mi er ikkje enkelt. Det som er sikkert er at skulen har eit ansvar når det gjeld å førebu elevar til livet i det moderne mediesamfunnet. Det står i dei nasjonale planane at elevane skal kunne bruke digitale verkty. Og ein av delane dei skal kunne er å bruke desse verktya på ein danna og god måte( Krumsvik 2007).

I artikkelen "Krever medieutviklingen en ny dannelsetenking" av Svein Østerud tek han opp dette med danning og om skulen gjenspeglar korleis samfunnet har gått over til å bli eit mediesamfunn.

Han seier noko om korleis kunnskapen i skulen har gått fra å vere statisk og av ein objektiv storleik til å bli meir dynamisk og subjektiv, at den heile tida er i forandring og at kunnskapen høyrer til ein person, den er blirr meir intim( Østerud)

Vidare meiner han at Kunnskapsløftet ikkje har tenkt grundig nok over komptetanseomgrepet. Han meiner at danningsperspektivet vil forsvinne dersom ein dei blir forankra i enkle isolerte læringsmål som i L06 og at han saknar ein teori om korleis vi mennesker tar i bruk teknologien med eit bestemt føremål. At det finnast ein dynamikk mellom menneske, teknologien og verda rundt oss.

Noko han også peiker på er at litteracy-omgrepet er forandra. Å vere "literate" er ikkje lenger berre det å kunne å lese og skrive. Ein må også kunne ta i bruk ulike medieringsformer for å få fram sitt budskap. Ei medieringsform kan vere ei datamaskin.

Når det gjeld sjølve danningsomgrepet seier Østerud at det er dynamisk og transformativt. At skulen heile tida er i utvkling og derfor må den også heile tida vere open for forandringar slik at den heng med i den teknologiske utviklinga. Og det at literacy-omgrepet er forandra stiller større krav til å lære elevane om danning i eit nytt mediesamfunn.

Eit problem er at dagens skule ikkje møter elevane på deira nivå og ser heller på samfunnet som elevane veks opp i som noko negativt og skummelt. På denne måten blir det ikkje trekt nokon forbindelseslinjer mellom skulen og samfunnet ellers. Kanskje de var derfor at 1700 elevar strauk på norskeksamen på VGS i 2001? At sidan skulen plutseleg tok ironien til sitt bryst og gav elevane ei oppgåve om rein ironi, då hadde ikkje elevane evner til å forsåt dette sidan skulen ikkje på nokon måte tidlegare hadde gjenspegla det ironisamfunnet som dagens unge faktisk veks opp i gjennom si undervisning.

Rune Haugen

søndag 17. januar 2010

Sosiale medier - mogleheit eller problem?

Elevar veks i dag opp i eit samfunn der det å møte andre mennesker gjennom sosiale medier som til dømes MNS og Facebook er meir vanleg enn det meste anna. Eg kan med ein gong seie at eg bruker mykje tid på sosiale medier. Eg er ein stor fan av nettstaden Facebook og er innom her fleire gongar for dag for å tilfredstille nysgjerrigheita mi.

Ei utfordring slik eg ser det er at internett opnar ei verd for unge mennesker som dei ikkje klarer å begernse sjølve. Det er faktisk slik at det kan vere meir farleg for eit barn å ferdast på internett åleine enn til dømes å vere ute på eit diskotek. Slik eg ser det har heimen det største ansvaret når det gjeld å lære opp ungane sine til å "kjøre" forsiktig på nettet. Skulen si rolle slik eg ser det er å byggje vidare på det arbeidet foreldra til borna skal ha byrja på.

Det finnast fleire ulike lenkjer som både foreldre, lærarar og borna sjølve kan gå inn på for lære seg køyrereglar på internett. Her kjem eg med nokon døme.:

http://www.nettvett.no/

www.reddbarna.no./nettvett

Her kan ein finne informasjon om alt frå spel, chatting til ulike virusprogram.

Sjølv om sosiale medier byr på ein del utfordringar, som igjen kan gi born ulike problem, er sosiale medier eit nyttig verkty i undervisninga. Elevar kan samarbeide gjennom program som google.docs og facebook.

-Rune

torsdag 26. november 2009

Korleis kan lærarutdanninga vere med på å integrere digitale verkty i skulen?

1. Korleis kan lærarutdanninga påverke utviklinga?

Ved å bruke digitale verkty i mykje større grad en det som er tilfelle no. Foreleserane må vise døme på korleis ein kan nytte digitale verkty i ein undervisningssituasjon. Dei kan også la oss studentar få gjennomføre undervisningsopplegga. På denne måten får vi studentar sjå korleis IKT i undervisninga kan vere med på å gjere bruk av digitale verkty meningsfull for elevane.

2.Kvifor har/har ikkje lærarutdanninga eit ansvar her?

Lærarutdanninga har sjølvsagt eit ansvar her. Det er i denne instutisjonen at lærarane for framtida skal formast og IKT vil berre bli viktigare og viktigare framover. Det er som med lærarutdanninga som med alt anna, dei må følgje med i tida.

Korleis bør dette påverke innhaldet i den nye grunnlærarutdanninga?

I de nye grunnlærerutdanningen vil studentane få moglegheit til å spesialisere seg på enten barnetrinnet/mellomtrinnet eller mellomtrinnet/ungdomstrinnet. Dette gjer at ein som forelesar i dei ulike faga kan gi opplæring til studentane utifrå kva årstrinn dei spesialiserar seg på. Og at ein som forelesar integrerer IKT enda meir enn i dag blir viktig, og kanskje enda viktigare blir det å tilpasse denne "IKT-opplæringa" til dei ulike trinna. At dei studentane som vel å spesialisere seg på mellomtrinn/ungdomstrinn får ei opplæring i bruk av IKT som passer til nettopp mellomsteget/ungdomstrinnet.

-Rune H

tirsdag 17. november 2009

Mykje å tenkje over og mange hensyn å ta!

Det å bruke IKT i skulen opnar opp ein ny verden for elevar og lærarar, nemleg internett. Ei verd med mange reglar som både lærarar og elevar må vere kjende med.

Dette gjer at ein må som lærar vere digital kompetent på dette området. Ein må ha kunnskap om kva ein kan og ikkje kan. I leksjonen "Hensyn - veke 48" står dette:

Du har lov til å bruke et hvilket som helst fotografisk bilde, til hva som helst, hvor som helst, når som helst, så lenge:
1. materialet uten tvil ikke vil være beskyttet av Lov om opphavsrett til åndsverk.
eller:
2. du har fått tillatelse til den konkrete bruken du vil gjøre av materialet direkte  fra den som innehar opphavsretten.
og:
3. det ikke er personvernhensyn som kan forhindre slik bruk.
4. publiseringen ikke er kriminaliserende i seg selv (omfattes av straffelovgivning etc.)
5. det ikke er forhold som gjør den bruken du ser for deg etisk
uforsvarlig.

Som vi ser er det ikkje alt for avansert. Det ein treng å gjere er fyrst og fremst å spørje om tilatelse til å bruke bilete. Det som blir viktig er at lærarar gjere elevane bevisste på kva reglar som gjeld når ein skal  hente ting, eller publisere ting på internett. For å få til dette må læraraen ha kompetanse på området, har han ikkje det, kan det skape ein del trøbbel både for skulen han jobbar på og elevane der.

-Rune H

Elevroller og lærerroller - fleire roller i ein og same læringsprosess

Etter å ha lest dei tre fyrste kapittla i Erik Prinds si bok "rum til læring" har eg tenkt ein del på dette med elevroller og lærerroller. Det å opptre i ulike roller i ein læringsprosess.

Slik eg hugsar det frå då eg var liten var læraren den autritære som styrte i klasserommet. Han såg på oss som tomme flasker som han skulle fylle me kunnskap. Oppgåva til oss elevar var å følgje med å ta innover oss den kunnskapen læraren kom med. Det var sjølvsagt mogleg med dialog med læraren, men det var han som styrte showet. Slik ser eg for meg rom 1 til Erik Prinds, at læraren skal vere formidlar og styre, vidare når dei kjem til rom 2 og 3 går læraren meir over i ei rettleiiande rolle der oppgåva hans blir å rettleie elevane mot målet. Elevane på sin side er aktive og konsturerer sin eigen kunnskap i samhandling med andre. Ein lærar kan sjølvsagt bruke alle dei tre romma i ein læringsprosess. På denne måten vil kunnskapen bli meir varig for eleven(Prinds 1999).

Eg prøve å vere begge deler når eg underviser. Likar  meg eigentleg best som formidlar. Kanskje fordi eg føler eg då har meir kontroll på elevane? Det som i alle fall er sikkert er at elevane lærer i begge situasjonane, men at det er i rom 2 og 3 elevane får prøve dei mest samfunnsrelaterte arbeidsformene.

Kjelder

Prinds, E. (1999) Rum til læring (Kap. 1-3), Center for Teknologistøttet Uddannelse:

Bruke lyd i undervisninga - er det noko for meg?

Svaret på overskrifta kan eg etter å ha jobba med lyd, både i form av å lese leksjonar å skrive oppgåve, svara definitivt JA på. For det fyrste, vil det å bruke lyd i undervisninga gi læraren moglegheit til å tilpasse undervisninga i større grad enn dersom han vel å ikkje bruke det. Elevar har som kjent forskjellege innlæringsstilar og nokon elevar lærer best auditivt. Altså dei lærer best når dei høyrer ting. Læraren kan til dømes lese inn tavlenotat på ei lydfil og gi eleven før timen startar. Dette var eit enkelt døme. Det finnst mykje fleire og det å bruke lyd vil føre til at læraren "møter" fleire elevar.

Vidare vil bruk av lyd vere ein veldig god måte å variere undervisninga og gi elevane nye utfordringar. Elevane som til dømes skal lese inn noko på datamaskina må vere beviste sine mottakarar og på denne måten få øving i å takle ulike munnlege situasjoner.

Ein anna ting er at dersom lyd blir brukt i samanheng med digitale mapper kan eleven til dømes fylgje leseutviklinga si. Han eller ho får oppleve framgangen dei har og på denne måten få ei kjensle av meistring som igjen fører til at dei ser at bruken av lyd gir meirverdi.

-Rune