Dei tre bukkane Bruse!
På siste samling på Dkl 102 skulle vi lage animasjonsfilm! Dette var kjempekjekt, og absolutt noko å ta med seg til klasserommet! Filmen ser du her !
tirsdag 20. april 2010
fredag 19. mars 2010
Videoproduksjon!!
Denne samlinga har vi jobba med video-produksjon! Her er eine øvingsoppgåva!
Staring: Rune Haugen
Filmen heiter "Hunden min"!
Staring: Rune Haugen
-Rune
tirsdag 16. mars 2010
Informasjonssøk og kvalitetssikring - Kva for veg skal ein velge?
I dette innlegget skal eg ta for meg artikkelen "Fire veier til kvalitet" skreve av Tord Høyvik. Artikkelen tar for seg informasjonssøking og kvalitetsikring i ein digital skule.
Desse fire vegane han nemner som kan gi kvalitetssikret informasjon er:
Som "digitalt innfødde" skulle ein tru at dette å finne kvalitetssikra informasjon ikkje var noko problem for dagens skuleelevar. Det som desverre viser seg er at dette ikkje stemmer. Elevar har ikkje nok kompetanse når det gjeld å søke og finne riktig informasjon på internett. Høyvik nemner i innleiinga si at kvalitetsikring av nettbaserte ressursar er ei oppgåve for voksne fagfolk. Dette er eg ening i. Det er læraren som må legge til rette for at eleven har føresetnad for å kunne søke og finne sikker informasjon.
Etter å ha jobbet litt som lærer opplever eg at læraren lar elevane søke fritt på nettet etter informasjon utan å ha gitt dei nokon form for tips/opplæring. Elevane set seg ned og søker.Google og Wikipedia er mykje brukte kjelder. Sjølv om desse kjeldene har mykje god informasjon, har dei også mykje dårleg og feilaktig informasjon. Høivik skildrar dette problemet slik: " Verdsveven er gjennomført demokratisk: den tillater alle skrivekyndige å opptre som produsentar. Derfor er det ikke nok at elevene kan surfe på nettet - de må også settes i stand til å finne kvalitetssikrede kilder". Han nemner også i sin artikkel 22 punkt som elevar bør gå gjennom og svare enten ja eller nei på når det har brukt ei kjelde på nettet. Du finn lista på side 38 i artikkelen hans.
Det siste Høivik skriv i sin artikkel er at " sanglærere bør kunne synge". Slik eg forstår dette utsagnet meiner han at lærarar som let elevane sine søke på den store verdsveven eller i andre kjelder må ha kompetanse innanfor det å søke etter kvalitetsikker informasjon. Han eller ho må som lærar vite om dei fire vegane(som er nemd ovanfor) ein kan gå for å finne kvalitetsikker informasjon!

- Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd
- Ved å søke i kvalitetssikrede innganger til veven (emnekataloger, vevportaler)
- Ved å bruke ressurser innenfor en kvalitetssikret læringsarena
- Ved å bruke et skole- eller folkebibliotek – om nødvendig med personlig veiledning
Som "digitalt innfødde" skulle ein tru at dette å finne kvalitetssikra informasjon ikkje var noko problem for dagens skuleelevar. Det som desverre viser seg er at dette ikkje stemmer. Elevar har ikkje nok kompetanse når det gjeld å søke og finne riktig informasjon på internett. Høyvik nemner i innleiinga si at kvalitetsikring av nettbaserte ressursar er ei oppgåve for voksne fagfolk. Dette er eg ening i. Det er læraren som må legge til rette for at eleven har føresetnad for å kunne søke og finne sikker informasjon.
Etter å ha jobbet litt som lærer opplever eg at læraren lar elevane søke fritt på nettet etter informasjon utan å ha gitt dei nokon form for tips/opplæring. Elevane set seg ned og søker.Google og Wikipedia er mykje brukte kjelder. Sjølv om desse kjeldene har mykje god informasjon, har dei også mykje dårleg og feilaktig informasjon. Høivik skildrar dette problemet slik: " Verdsveven er gjennomført demokratisk: den tillater alle skrivekyndige å opptre som produsentar. Derfor er det ikke nok at elevene kan surfe på nettet - de må også settes i stand til å finne kvalitetssikrede kilder". Han nemner også i sin artikkel 22 punkt som elevar bør gå gjennom og svare enten ja eller nei på når det har brukt ei kjelde på nettet. Du finn lista på side 38 i artikkelen hans.
Det siste Høivik skriv i sin artikkel er at " sanglærere bør kunne synge". Slik eg forstår dette utsagnet meiner han at lærarar som let elevane sine søke på den store verdsveven eller i andre kjelder må ha kompetanse innanfor det å søke etter kvalitetsikker informasjon. Han eller ho må som lærar vite om dei fire vegane(som er nemd ovanfor) ein kan gå for å finne kvalitetsikker informasjon!
mandag 15. mars 2010
Avis-produksjon
Tenkte at eg skulle dele ei lenkje til nettavisa vi har laga på emnet 104! Nettavisa var også ei mappeoppgåve.
Du finn avisa HER
Det å lage avis var kjempegreier! Kjekkaste var å lage til lay- out. PEDIT har litt begrensende moglegheiter, men absolutt nok til skulebruk!

onsdag 10. mars 2010
Videoproduksjon
Det å lage film krev mykje av den som skal lage den. Det viktigaste er kreativitet. Ein treng eit veldig godt utgangspunkt og ein glimrande og interessant ide.
I leksjonen om videoproduksjon var ei av oppgåvne å planlegge ein filmsnutt på tre minutt. Det er mange ide-metoder ein kan bruke. Mest kjende er kanskje tankekart, idemyldring. Eg har valgt å bruke rammemetoden( klarte ikkje logge meg innpå MINDOMO:(. )Andre metoder finn du HER
Rammemetoden
Har altså planlagt ein film om lærarlivet. Delt det inn i tre rammer. I ramme 1 litt om korleis andre ser på lærarar. I ramme to kvifor dei som er lærarar er lærarar. I ramme 3 litt om utfordringar i yrket.
Ser for meg ein film der ein spelar på fordommane til lærarane i starten for seinare i filmen gå over/spole tilbake og til korleis ein lærar faktisk ser på jobben sin og kva jobben faktisk innebær.

IKT og tilpassa opplæring - meirverdi uansett?
"God undervisning blir betre med IKT, dårleg undervisning blir dårlegare."
Definisjon av tilpassa opplæring: Tilpasset opplæring er tilrettelegging for læring der eleven, ut ifra evner og forutsetninger, søker utfordringer og utvikler seg faglig, sosialt, fysisk og personlig. Tilpasset opplæring bygger på kunnskap om og forståelse av elevens læreforutsetninger. Læringen foregår i området mellom det eleven kan og det eleven står for tur til å kunne (Brøyn og Schultz 2005).
Det er sjølvsagt slik at IKT ikkje gir meirverdi i den tilpassa opplæringa uansett. Dersom IKT skal gi meirverdi i forhold til å tilpasse opplæringa må ein som lærar ha pedagogisk didaktisk innsikt innanfor bruk av digitale verkty. Med andre ord: det er ikkje verktya som fremjer tilpassa opplæring på ein god måte, men menneska som tar dei i bruk!
Ein fordel med å bruke digitale verky i forhold til tilpassa opplæring er at ein kan spele på fleire innlæringsstilar til elevane. Dette er viktig sidan mange elevar lærer betre ved å sjå ting, altså at det visualiserast, høyre ting, altså ved det auditive eller kanskje kinetisk. Ein kan sjølvsagt gjere dette utan digitale verkty, men det blir MYKJE vanskelegare og meir tidkrevjande.
Det som blir viktig slik eg ser det er at dei verktya og den pedagogiske programvare som ein brukar har fleire vanskegradar, er bra visuellt og har ein funksjon der lærar kan gå inn og justere programmet etter individiuelle behov. Å velge ei pedagogisk programvare må foregå på same måte som utvelgelsen av ei lærebok. Form, innhald og respons bør stå sentralt.
Ei side som har mykje bra om IKT og tilpassa opplæring er denne (norsk nettskole)

Abonner på:
Innlegg (Atom)