mandag 25. januar 2010

Å halde på med prosjektarbeid er kjekt og lærerikt!

For at prosjektarbeid skal fungere må læraren ha god styring på klassa og ha klare og vel formulerte mål med arbeidet.

Prosjektarbeid blir definert slik: Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert,

engangsarbeid. (Andersen og Schwencke, 2001 s.11)
 
Ein deler prosjektarbeid inn i fleire fasar. Det viktigaste blir å finne eit tema og avgrense dette. Vidare blir det viktig å jobbe fram ei problemstilling som svarar til oppgåveteksta og som ein etter at avgrensinga er bra nok ,kan lage eit produktmål ut av. Det som blir viktig er at problemformuleringa ikkje blir for stor. At den krever for mykje av oss. Eit lite ord i formuleringa som kan velte stort lass, som han sa eksamenssensoren. Til dømes dersom vi skriv skal istadenfor kan. Å bruke skal vil sette eit mykje større krav til oss studentar.
 
Anna døme:
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, skal øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, kan øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn.
 
Desse problemstillingane er veldig like, men det eine ordet gjer at krav til fagleg kompetanse er mykje, mykje større i den fyrste formuleringa enn i den andre.
 
Til slutt vil eg berre seie at eg gledar meg til å byrje med prosjektarbeid på DKL 104! :)
 
-Rune Haugen

Mediesamfunnet - heng skulen med i utviklinga?

Å gi noko godt svar på overskrifta mi er ikkje enkelt. Det som er sikkert er at skulen har eit ansvar når det gjeld å førebu elevar til livet i det moderne mediesamfunnet. Det står i dei nasjonale planane at elevane skal kunne bruke digitale verkty. Og ein av delane dei skal kunne er å bruke desse verktya på ein danna og god måte( Krumsvik 2007).

I artikkelen "Krever medieutviklingen en ny dannelsetenking" av Svein Østerud tek han opp dette med danning og om skulen gjenspeglar korleis samfunnet har gått over til å bli eit mediesamfunn.

Han seier noko om korleis kunnskapen i skulen har gått fra å vere statisk og av ein objektiv storleik til å bli meir dynamisk og subjektiv, at den heile tida er i forandring og at kunnskapen høyrer til ein person, den er blirr meir intim( Østerud)

Vidare meiner han at Kunnskapsløftet ikkje har tenkt grundig nok over komptetanseomgrepet. Han meiner at danningsperspektivet vil forsvinne dersom ein dei blir forankra i enkle isolerte læringsmål som i L06 og at han saknar ein teori om korleis vi mennesker tar i bruk teknologien med eit bestemt føremål. At det finnast ein dynamikk mellom menneske, teknologien og verda rundt oss.

Noko han også peiker på er at litteracy-omgrepet er forandra. Å vere "literate" er ikkje lenger berre det å kunne å lese og skrive. Ein må også kunne ta i bruk ulike medieringsformer for å få fram sitt budskap. Ei medieringsform kan vere ei datamaskin.

Når det gjeld sjølve danningsomgrepet seier Østerud at det er dynamisk og transformativt. At skulen heile tida er i utvkling og derfor må den også heile tida vere open for forandringar slik at den heng med i den teknologiske utviklinga. Og det at literacy-omgrepet er forandra stiller større krav til å lære elevane om danning i eit nytt mediesamfunn.

Eit problem er at dagens skule ikkje møter elevane på deira nivå og ser heller på samfunnet som elevane veks opp i som noko negativt og skummelt. På denne måten blir det ikkje trekt nokon forbindelseslinjer mellom skulen og samfunnet ellers. Kanskje de var derfor at 1700 elevar strauk på norskeksamen på VGS i 2001? At sidan skulen plutseleg tok ironien til sitt bryst og gav elevane ei oppgåve om rein ironi, då hadde ikkje elevane evner til å forsåt dette sidan skulen ikkje på nokon måte tidlegare hadde gjenspegla det ironisamfunnet som dagens unge faktisk veks opp i gjennom si undervisning.

Rune Haugen

søndag 17. januar 2010

Sosiale medier - mogleheit eller problem?

Elevar veks i dag opp i eit samfunn der det å møte andre mennesker gjennom sosiale medier som til dømes MNS og Facebook er meir vanleg enn det meste anna. Eg kan med ein gong seie at eg bruker mykje tid på sosiale medier. Eg er ein stor fan av nettstaden Facebook og er innom her fleire gongar for dag for å tilfredstille nysgjerrigheita mi.

Ei utfordring slik eg ser det er at internett opnar ei verd for unge mennesker som dei ikkje klarer å begernse sjølve. Det er faktisk slik at det kan vere meir farleg for eit barn å ferdast på internett åleine enn til dømes å vere ute på eit diskotek. Slik eg ser det har heimen det største ansvaret når det gjeld å lære opp ungane sine til å "kjøre" forsiktig på nettet. Skulen si rolle slik eg ser det er å byggje vidare på det arbeidet foreldra til borna skal ha byrja på.

Det finnast fleire ulike lenkjer som både foreldre, lærarar og borna sjølve kan gå inn på for lære seg køyrereglar på internett. Her kjem eg med nokon døme.:

http://www.nettvett.no/

www.reddbarna.no./nettvett

Her kan ein finne informasjon om alt frå spel, chatting til ulike virusprogram.

Sjølv om sosiale medier byr på ein del utfordringar, som igjen kan gi born ulike problem, er sosiale medier eit nyttig verkty i undervisninga. Elevar kan samarbeide gjennom program som google.docs og facebook.

-Rune