tirsdag 20. april 2010

Animasjonsfilm!

Dei tre bukkane Bruse!

På siste samling på Dkl 102 skulle vi lage animasjonsfilm! Dette var kjempekjekt, og absolutt noko å ta med seg til klasserommet! Filmen ser du her !

fredag 19. mars 2010

Videoproduksjon 19 mars!




Til å lage filmen nytta vi redigeringsprogrammet VideoPad.

-Rune

Videoproduksjon!!

Denne samlinga har vi jobba med video-produksjon! Her er eine øvingsoppgåva!

Filmen heiter "Hunden min"!

Staring: Rune Haugen




-Rune

tirsdag 16. mars 2010

Informasjonssøk og kvalitetssikring - Kva for veg skal ein velge?

I dette innlegget skal eg ta for meg artikkelen "Fire veier til kvalitet" skreve av Tord Høyvik. Artikkelen tar for seg informasjonssøking og kvalitetsikring i ein digital skule.

Desse fire vegane han nemner som kan gi kvalitetssikret informasjon er:
  • Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd
  • Ved å søke i kvalitetssikrede innganger til veven (emnekataloger, vevportaler)
  •  Ved å bruke ressurser innenfor en kvalitetssikret læringsarena
  • Ved å bruke et skole- eller folkebibliotek – om nødvendig med personlig veiledning

Som "digitalt innfødde" skulle ein tru at dette å finne kvalitetssikra informasjon ikkje var noko problem for dagens skuleelevar. Det som desverre viser seg er at dette ikkje stemmer. Elevar har ikkje nok kompetanse når det gjeld å søke og finne riktig informasjon på internett. Høyvik nemner i innleiinga si at kvalitetsikring av nettbaserte ressursar er ei oppgåve for voksne fagfolk. Dette er eg ening i. Det er læraren som må legge til rette for at eleven har føresetnad for å kunne søke og finne sikker informasjon.

Etter å ha jobbet litt som lærer opplever eg at læraren lar elevane søke fritt på nettet etter informasjon utan å ha gitt dei nokon form for tips/opplæring. Elevane set seg ned og søker.Google og Wikipedia er mykje brukte kjelder. Sjølv om desse kjeldene har mykje god informasjon, har dei også mykje dårleg og feilaktig informasjon. Høivik skildrar dette problemet slik: " Verdsveven er gjennomført demokratisk: den tillater alle skrivekyndige å opptre som produsentar. Derfor er det ikke nok at elevene kan surfe på nettet - de må også settes i stand til å finne kvalitetssikrede kilder". Han nemner også i sin artikkel 22 punkt som elevar bør gå gjennom og svare enten ja eller nei på når det har brukt ei kjelde på nettet. Du finn lista på side 38 i artikkelen hans.

Det siste Høivik skriv i sin artikkel er at " sanglærere bør kunne synge". Slik eg forstår dette utsagnet meiner han at lærarar som let elevane sine søke på den store verdsveven eller i andre kjelder må ha kompetanse innanfor det å søke etter kvalitetsikker informasjon. Han eller ho må som lærar vite om dei fire vegane(som er nemd ovanfor) ein kan gå for å finne kvalitetsikker informasjon!

mandag 15. mars 2010

Avis-produksjon

Tenkte at eg skulle dele ei lenkje til nettavisa vi har laga på emnet 104! Nettavisa var også ei mappeoppgåve.

Du finn avisa HER



Det å lage avis var kjempegreier! Kjekkaste var å lage til lay- out. PEDIT har litt begrensende moglegheiter, men absolutt nok til skulebruk!

-Rune

onsdag 10. mars 2010

Videoproduksjon

Det å lage film krev mykje av den som skal lage den. Det viktigaste er kreativitet. Ein treng eit veldig godt utgangspunkt og ein glimrande og interessant ide.

I leksjonen om videoproduksjon var ei av oppgåvne å planlegge ein filmsnutt på tre minutt. Det er mange ide-metoder ein kan bruke. Mest kjende er kanskje tankekart, idemyldring. Eg har valgt å bruke rammemetoden( klarte ikkje logge meg innpå MINDOMO:(.  )Andre metoder finn du HER

Rammemetoden
Har altså planlagt ein film om lærarlivet. Delt det inn i tre rammer. I ramme 1 litt om korleis andre ser på lærarar. I ramme to kvifor dei som er lærarar er lærarar. I ramme 3 litt om utfordringar i yrket.

Ser for meg ein film der ein spelar på fordommane til lærarane i starten for seinare i filmen gå over/spole tilbake og til korleis ein lærar faktisk ser på jobben sin og kva jobben faktisk innebær.

-Rune

IKT og tilpassa opplæring - meirverdi uansett?

"God undervisning blir betre med IKT, dårleg undervisning blir dårlegare."

Definisjon av tilpassa opplæring: Tilpasset opplæring er tilrettelegging for læring der eleven, ut ifra evner og forutsetninger, søker utfordringer og utvikler seg faglig, sosialt, fysisk og personlig. Tilpasset opplæring bygger på kunnskap om og forståelse av elevens læreforutsetninger. Læringen foregår i området mellom det eleven kan og det eleven står for tur til å kunne (Brøyn og Schultz 2005).

Det er sjølvsagt slik at IKT ikkje gir meirverdi i den tilpassa opplæringa uansett. Dersom IKT skal gi meirverdi i forhold til å tilpasse opplæringa må ein som lærar ha pedagogisk didaktisk innsikt innanfor bruk av digitale verkty. Med andre ord: det er ikkje verktya som fremjer tilpassa opplæring på ein god måte, men menneska som tar dei i bruk!

Ein fordel med å bruke digitale verky i forhold til tilpassa opplæring er at ein kan spele på fleire innlæringsstilar til elevane. Dette er viktig sidan mange elevar lærer betre ved å sjå ting, altså at det visualiserast, høyre ting, altså ved det auditive eller kanskje kinetisk. Ein kan sjølvsagt gjere dette utan digitale verkty, men det blir MYKJE vanskelegare og meir tidkrevjande.

Det som blir viktig slik eg ser det er at dei verktya og den pedagogiske programvare som ein brukar har fleire vanskegradar, er bra visuellt og har ein funksjon der lærar kan gå inn og justere programmet etter individiuelle behov. Å velge ei pedagogisk programvare må foregå på same måte som utvelgelsen av ei lærebok. Form, innhald og respons bør stå sentralt.

Ei side som har mykje bra om IKT og tilpassa opplæring er denne  (norsk nettskole)

-Rune

Pedagogisk programvare - fylgjer tida!

I leksjonen om tenkjeverktøy veke 10 står det ein del om ulike pedagogisk programvare. Pedagogiske programvare er at læringssituasjonen foregår i direkte interaksjon med verktøyet. Eit døme kan vere spel.

Vi blir blant anna presenterte for ein modell av Kochsmann. Denne modellen viser korleis pedagogisk porgramvare går gjennom paradigmeskift på lik linje med læringsteori.

Modellen er inndelt i fire "skift" slik:

1. Computer-Assisted Instruction (CAI): I utgangspunktet en behavioristisk læringsteori.

2. Information Processing Theory (ITS) som en teori om læring: Raffinering av CAI, inspirert av Artificial Intelligence.

3. Logo-as-Latin: Kognitiv konstruktivistisk læringsteori.

4. Computer-supported collaborative learning: Sosialt orientert læringsteori

(Koschmann, 1996 i Søby 2006).

No skal eg kome med døme på pedagogisk programvare til kvart av desse "skifta".

1. Matematikkspel
Dette spelet gir direkte tilbakemelding ved riktig eller feil svar. Det har altså utgangspunkt i behavoristisk læringsteori der stimuli - respons er heilt sentralt.

2. Fant ikkje noko her....TIPS?????

3.Gramatikkspel
Dette spelet der elevane skal plassere riktig setning under riktig teikn peiker på at noko er feil, men seier ikkje kva. Du må prøve deg fram. Viss du ikkje får dette til kan du øve deg på ein annan plass på sida

Ei anna programvare som går inn under denne kategorien er LingDys(LingRight)Lenkje  HER
4. Google.docs.
Denne programvare gir elevar moglegheita til å samarbeide, noko som er veldig sentralt i sosialt orientert læringsteori. Det er også denne type programvare vi har jobba mykje med på DKL-studiet! :)

-Rune

tirsdag 16. februar 2010

Avisproduksjon - I journalistens verden.

Slankekur i fengsel







Kvifor er dette ei nyhende?

1. For det fyrste er den veldig aktuell med tanke på all fokus det er på slankepress i desse tider. Det er også ei "ny" nyhende. Det er noko ikkje alle har hørt før, i alle fall ikkje eg og dei seg sit at med no.

2.Den har en viss informasjonverdi. Dette med slanking er noko som engasjerer veldig mange mennesker.

3. Vidare har den identifikajsonsverdi. Som nevnt over har mange eit forhold til dette med slanking. Enten det gjelder ein sjølve eller ein nær ven.

4. Det er også ei sak som er litt sensasjonell. " Plasere tjukke folk i fengsel for å slanke dei". Dette vekkjer oppmersomheit.

5. Det er også konsonanse i denne artikkelen. Den stemmer overens med korleis verden har blitt. Det er eit stadig auka fokus på slanking.

Desse punkta eg har brukt har eg henta frå Øystein Sande. Han nevner 9 pkt. Denne artikkelen oppfyller i alle fall fem av desse. Dermed kan ein seie at den har god nyheitsverdi.

Det er også ein god artikkel når det gjeld oppbygging. Den har ein kort og fin inngress og ei bra fengjande overskrift. Det som trekkjer ned er at den er litt for lite infomrativ. Litt tynn brødtekst. Den har rett å slett litt for lite kjøtt på beinet.


FEATURE
Ein feature er ein sjanger som har veldig fri form. Det er den sjangeren som er mest littrær og henvender seg til heile lesaren sitt kjensleregister. Ein anna ting med feature er at artikkelen peiker på viktige detaljer, den er lettlest og presenterer innhaldet på ein måte som underbyggjer innhalde og den tar for seg "mjuke saker".

Kvifor er dette ein feature?

For det fyrste er det ei veldig mjuk sak. Den tar for seg livet til ein veldig aktuell skodespelar. Ein anna ting er at den spelar på ein del kjensler hjå lesaren. Barn, bestefar, meiningar som at barn bør vente til dei er to år før dei skal i barnehagen osv....Vidare er det ein lettlest artikkel med detaljar om hans liv som er veldig viktige med tanke på sjølve innhaldet. I tilegg til dette har artikkelen
  • inngress
  • overskrift
  • to bileter eller meir
  • brødtekst
  • bildetekst
Som skal vere i ein slik artikkel.


-Rune

mandag 15. februar 2010

Digital arena!

Ein digital arena er ein plass der ein kan bruke digitale medier. Til dømes kan skulen vere ein digital arena. Det opp til lærarane kor digital skulen skal vere som arena. Det som i alle fall er sikkert er at barn og unge veks opp i ein digital revolusjon. 98 % av alle barn mellom 8 og 18 år har internett heime, og det er meir enn befolkninga generelt( Wold s 66). Skulen si rolle blir å tilpasse seg denne utviklinga.

Det at skulen tilpassar seg kvar enkelt elev er ikkje enkelt. Eit døme som viser at dette ikkje er enkelt er at i dei seinare år har undersøkingar vist at den norske skulen er ein jenteskule, der jenter store sett scorar betre enn gutar på alle testar og prøver. Kvifor er det slik? For mange kvinnelege lærarar? Uansett kva grunnen er må det rettast opp. Ein ting som skulen kan bli flinkare til er å kanskje ta i bruk meir digitale verkty. Dette er noko som gutane interesserer seg for. Fleire undersøkingar viser at til dømes dataspel er noko dei særleg bruker mykje tid på(Wold side 115). Kanskje fått dette inn i undervisninga? Men korleis? Her må i alle fall eg tenkje litt. Men eg er sikker på det finst ein måte å gjere det på. Ein må i alle fall ikkje favorisere jentene sin mediekultur. Ein må ikkje la gutane ha ein skulekultur som er fullstendig forskjelleg frå deira jevnalderkultur. Då vil veldig mange bli skulehatarar.

Ein må altså skape ein skulekultur der elevane ser samanheng med samfunnet ellers. Dei må sjå at skulen jobbar for å vere ein del av det stadig utviklande digitale samfunnet, og på denne måten vil dei lettare akseptere skulen og den sine verdiar og då sjå meirverdi i det som skjer på nettopp skulen.

-Rune

fredag 12. februar 2010

Design

Kva er det som gjer ei nettside bra. Kva er bra web-design?

Her kjem ein del lenkjer til sider eg syntes er bra:








http://www.oldhatrecords.com/cd1001.html
Ei side eg synest er bra. Den har lydklipp, bileter, god lay out. Virker rett å slett veldig for seg gjort.:)

http://www.bebopjeans.com/index.html
Ei veldig for seg gjort side. Gode fargar og moderne. Målgruppa her er nok ungdom 13-18år! Kort og enkel meny. Lett å finne fram.


og mindre bra







Ei veldig oversikteleg side, men veldig kjedeleg etter min smak. Her har dei ikkje tenkt på utsjånad og utdjupande informasjon. Kanskje det hadde gjort seg med nokon bileter? På ei anna side er kanskje sida laga utifrå målgruppa? Folk som skal ha elektrikarar treng berre telefonnr. Og det får dei her. Men med ei meir for seg gjort side med fargar, bileter, andre skriftyper osv, hadde skaffa fleire kunder! :)


Veit ikkje eg, men det var noko som verka veldig rotete med denne sida. Kanskje betre å ikkje ha dei punkta gøymt. Ideen er god, men kanskje burda vore betre utarbeidd!

For det fyrste er den ikkje ferdig. Mange linkar som ikkje verkar. Fargane er heller ikkje noko særleg. Det er også vanskeleg å forstå kva det er denne sida sel. Veldig mykje bilder, utan informasjon!



Tusen prisar på ei side. For eit rot!;)

http://maxpages.com/mp3super/HTML_KODER

Tja, veldig mykje fargar å stjerner. Men er nok ikkje gamle karen som har laga denne. Kanskje han eller hjo burde konsentrert seg om meir informasjon om enkelte ting, og iKKJe lite info om alt!

Podcast om mediedanning

På samling fredag 5 februar byrja vi på oppgåva om mediedanning. Vi fordelte arbeidsoppgåvene og gjekk.

Rune: Intervjue lærar og elev på ungdsomsskulen

Stian: Intervju med lærar og elev på VGS

Laila og Vidar: Forord og avlsutning

Trond: Redigering

Per dags dato er intervjua, forord og avslutning sendt til redigering.:)

Dei 500 orda om prosess er også snart i mål!

-Rune

Digitale tankekart - fordelar?



Heilt sidan eg gjekk i femte klasse har eg høyrd maset om tankekart. Kor nyttig det var å lage eit slikt før ein skulle ta til å skrive den berømte forteljinga om den endå meir berømte fjellturen. Eg fekk aldri heilt taket på desse karta. Og dersom eg fyrst prøvde såg arket ut som om ein 3 åring hadde gått berserk.Rotete og fullstendig uten samanheng.

Med desse erfaringane slo eg frå meg tankekartet tidleg. Til skaparen av tankekart si store glede, reknar eg med.

Når eg no før jul fekk sjå korleis ein lagar eit digitale tankekart, blei eg veldig engasjert. Og dette satte i gang tankane mine. Som eg faktisk la inn i eit digitalt tankekart om fordelar og ulempar. Det blei sjåande slik ut:


(trykk på tankekartet for å sjå heile)

 
Det som er viktig med slike kart er at elevane lærer med verktøyet, ikkje av det.

- Rune

fredag 5. februar 2010

tirsdag 2. februar 2010

Samansette tekstar

Forrige semester jobba vi ein del med samansette tekstar. Vi hadde blant anna fleire oppgåver vi skulle skrive i google docs og vi jobba også ein del med å kombinere lyd, film og tekst. Før eg skriv noko meir vil eg berre kjapt repetere kva ein samansett tekst er.

Kunnskapsløftet definerer ein samansett tekst som: Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame,nettsider, sangtekster, film og teater.Hovedområdet omfatter både elevensegen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster. Å kunne lese en sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike uttrykksformer i teksten. (UFD, 2006)

Innhaldet i denne definisjonen seier seg sjølv, og når det gjeld korleis ein kan jobbe med samansette tekstar i skulen vil eg presentere http://glogster.com/

Glogster er ein nettstad der ein kan lage tekstar med bilete, film og tekst m.m på ein veldig enkel måte.

Her kjem ei lenkje som viser korleis gloster verkar.
http://www.vimeo.com/2909184


Her kjem ei lenkje over min fyrste glog! Den er ikkje veldig for seg gjort, men den får duge for denne gang! :) -->  http://roonmclovin.glogster.com/Fotballbilete/

Ellers kan eg nemne PREZI. Det er ein ny måte å lage power point på. Her byrjar du med eit stort blankt ark. På dette arket kan du skrive tekst, sette animasjoner, bileter og videoar.
Lenkje til meir info om PREZI:
http://www.dinside.no/806767/prezi-nettets-kuleste-presentasjonsverktoy

Velg fleire filmer. Her er mange å ta av.:)

-Rune

mandag 25. januar 2010

Å halde på med prosjektarbeid er kjekt og lærerikt!

For at prosjektarbeid skal fungere må læraren ha god styring på klassa og ha klare og vel formulerte mål med arbeidet.

Prosjektarbeid blir definert slik: Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert,

engangsarbeid. (Andersen og Schwencke, 2001 s.11)
 
Ein deler prosjektarbeid inn i fleire fasar. Det viktigaste blir å finne eit tema og avgrense dette. Vidare blir det viktig å jobbe fram ei problemstilling som svarar til oppgåveteksta og som ein etter at avgrensinga er bra nok ,kan lage eit produktmål ut av. Det som blir viktig er at problemformuleringa ikkje blir for stor. At den krever for mykje av oss. Eit lite ord i formuleringa som kan velte stort lass, som han sa eksamenssensoren. Til dømes dersom vi skriv skal istadenfor kan. Å bruke skal vil sette eit mykje større krav til oss studentar.
 
Anna døme:
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, skal øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn
 
En podcast som gjennom dramatiske virkemiddel, kan øke forståelsen for behovet for mediedanning hos lærere på grunnskolens mellomtrinn.
 
Desse problemstillingane er veldig like, men det eine ordet gjer at krav til fagleg kompetanse er mykje, mykje større i den fyrste formuleringa enn i den andre.
 
Til slutt vil eg berre seie at eg gledar meg til å byrje med prosjektarbeid på DKL 104! :)
 
-Rune Haugen

Mediesamfunnet - heng skulen med i utviklinga?

Å gi noko godt svar på overskrifta mi er ikkje enkelt. Det som er sikkert er at skulen har eit ansvar når det gjeld å førebu elevar til livet i det moderne mediesamfunnet. Det står i dei nasjonale planane at elevane skal kunne bruke digitale verkty. Og ein av delane dei skal kunne er å bruke desse verktya på ein danna og god måte( Krumsvik 2007).

I artikkelen "Krever medieutviklingen en ny dannelsetenking" av Svein Østerud tek han opp dette med danning og om skulen gjenspeglar korleis samfunnet har gått over til å bli eit mediesamfunn.

Han seier noko om korleis kunnskapen i skulen har gått fra å vere statisk og av ein objektiv storleik til å bli meir dynamisk og subjektiv, at den heile tida er i forandring og at kunnskapen høyrer til ein person, den er blirr meir intim( Østerud)

Vidare meiner han at Kunnskapsløftet ikkje har tenkt grundig nok over komptetanseomgrepet. Han meiner at danningsperspektivet vil forsvinne dersom ein dei blir forankra i enkle isolerte læringsmål som i L06 og at han saknar ein teori om korleis vi mennesker tar i bruk teknologien med eit bestemt føremål. At det finnast ein dynamikk mellom menneske, teknologien og verda rundt oss.

Noko han også peiker på er at litteracy-omgrepet er forandra. Å vere "literate" er ikkje lenger berre det å kunne å lese og skrive. Ein må også kunne ta i bruk ulike medieringsformer for å få fram sitt budskap. Ei medieringsform kan vere ei datamaskin.

Når det gjeld sjølve danningsomgrepet seier Østerud at det er dynamisk og transformativt. At skulen heile tida er i utvkling og derfor må den også heile tida vere open for forandringar slik at den heng med i den teknologiske utviklinga. Og det at literacy-omgrepet er forandra stiller større krav til å lære elevane om danning i eit nytt mediesamfunn.

Eit problem er at dagens skule ikkje møter elevane på deira nivå og ser heller på samfunnet som elevane veks opp i som noko negativt og skummelt. På denne måten blir det ikkje trekt nokon forbindelseslinjer mellom skulen og samfunnet ellers. Kanskje de var derfor at 1700 elevar strauk på norskeksamen på VGS i 2001? At sidan skulen plutseleg tok ironien til sitt bryst og gav elevane ei oppgåve om rein ironi, då hadde ikkje elevane evner til å forsåt dette sidan skulen ikkje på nokon måte tidlegare hadde gjenspegla det ironisamfunnet som dagens unge faktisk veks opp i gjennom si undervisning.

Rune Haugen

søndag 17. januar 2010

Sosiale medier - mogleheit eller problem?

Elevar veks i dag opp i eit samfunn der det å møte andre mennesker gjennom sosiale medier som til dømes MNS og Facebook er meir vanleg enn det meste anna. Eg kan med ein gong seie at eg bruker mykje tid på sosiale medier. Eg er ein stor fan av nettstaden Facebook og er innom her fleire gongar for dag for å tilfredstille nysgjerrigheita mi.

Ei utfordring slik eg ser det er at internett opnar ei verd for unge mennesker som dei ikkje klarer å begernse sjølve. Det er faktisk slik at det kan vere meir farleg for eit barn å ferdast på internett åleine enn til dømes å vere ute på eit diskotek. Slik eg ser det har heimen det største ansvaret når det gjeld å lære opp ungane sine til å "kjøre" forsiktig på nettet. Skulen si rolle slik eg ser det er å byggje vidare på det arbeidet foreldra til borna skal ha byrja på.

Det finnast fleire ulike lenkjer som både foreldre, lærarar og borna sjølve kan gå inn på for lære seg køyrereglar på internett. Her kjem eg med nokon døme.:

http://www.nettvett.no/

www.reddbarna.no./nettvett

Her kan ein finne informasjon om alt frå spel, chatting til ulike virusprogram.

Sjølv om sosiale medier byr på ein del utfordringar, som igjen kan gi born ulike problem, er sosiale medier eit nyttig verkty i undervisninga. Elevar kan samarbeide gjennom program som google.docs og facebook.

-Rune