onsdag 10. mars 2010

IKT og tilpassa opplæring - meirverdi uansett?

"God undervisning blir betre med IKT, dårleg undervisning blir dårlegare."

Definisjon av tilpassa opplæring: Tilpasset opplæring er tilrettelegging for læring der eleven, ut ifra evner og forutsetninger, søker utfordringer og utvikler seg faglig, sosialt, fysisk og personlig. Tilpasset opplæring bygger på kunnskap om og forståelse av elevens læreforutsetninger. Læringen foregår i området mellom det eleven kan og det eleven står for tur til å kunne (Brøyn og Schultz 2005).

Det er sjølvsagt slik at IKT ikkje gir meirverdi i den tilpassa opplæringa uansett. Dersom IKT skal gi meirverdi i forhold til å tilpasse opplæringa må ein som lærar ha pedagogisk didaktisk innsikt innanfor bruk av digitale verkty. Med andre ord: det er ikkje verktya som fremjer tilpassa opplæring på ein god måte, men menneska som tar dei i bruk!

Ein fordel med å bruke digitale verky i forhold til tilpassa opplæring er at ein kan spele på fleire innlæringsstilar til elevane. Dette er viktig sidan mange elevar lærer betre ved å sjå ting, altså at det visualiserast, høyre ting, altså ved det auditive eller kanskje kinetisk. Ein kan sjølvsagt gjere dette utan digitale verkty, men det blir MYKJE vanskelegare og meir tidkrevjande.

Det som blir viktig slik eg ser det er at dei verktya og den pedagogiske programvare som ein brukar har fleire vanskegradar, er bra visuellt og har ein funksjon der lærar kan gå inn og justere programmet etter individiuelle behov. Å velge ei pedagogisk programvare må foregå på same måte som utvelgelsen av ei lærebok. Form, innhald og respons bør stå sentralt.

Ei side som har mykje bra om IKT og tilpassa opplæring er denne  (norsk nettskole)

-Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar