tirsdag 16. mars 2010

Informasjonssøk og kvalitetssikring - Kva for veg skal ein velge?

I dette innlegget skal eg ta for meg artikkelen "Fire veier til kvalitet" skreve av Tord Høyvik. Artikkelen tar for seg informasjonssøking og kvalitetsikring i ein digital skule.

Desse fire vegane han nemner som kan gi kvalitetssikret informasjon er:
  • Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd
  • Ved å søke i kvalitetssikrede innganger til veven (emnekataloger, vevportaler)
  •  Ved å bruke ressurser innenfor en kvalitetssikret læringsarena
  • Ved å bruke et skole- eller folkebibliotek – om nødvendig med personlig veiledning

Som "digitalt innfødde" skulle ein tru at dette å finne kvalitetssikra informasjon ikkje var noko problem for dagens skuleelevar. Det som desverre viser seg er at dette ikkje stemmer. Elevar har ikkje nok kompetanse når det gjeld å søke og finne riktig informasjon på internett. Høyvik nemner i innleiinga si at kvalitetsikring av nettbaserte ressursar er ei oppgåve for voksne fagfolk. Dette er eg ening i. Det er læraren som må legge til rette for at eleven har føresetnad for å kunne søke og finne sikker informasjon.

Etter å ha jobbet litt som lærer opplever eg at læraren lar elevane søke fritt på nettet etter informasjon utan å ha gitt dei nokon form for tips/opplæring. Elevane set seg ned og søker.Google og Wikipedia er mykje brukte kjelder. Sjølv om desse kjeldene har mykje god informasjon, har dei også mykje dårleg og feilaktig informasjon. Høivik skildrar dette problemet slik: " Verdsveven er gjennomført demokratisk: den tillater alle skrivekyndige å opptre som produsentar. Derfor er det ikke nok at elevene kan surfe på nettet - de må også settes i stand til å finne kvalitetssikrede kilder". Han nemner også i sin artikkel 22 punkt som elevar bør gå gjennom og svare enten ja eller nei på når det har brukt ei kjelde på nettet. Du finn lista på side 38 i artikkelen hans.

Det siste Høivik skriv i sin artikkel er at " sanglærere bør kunne synge". Slik eg forstår dette utsagnet meiner han at lærarar som let elevane sine søke på den store verdsveven eller i andre kjelder må ha kompetanse innanfor det å søke etter kvalitetsikker informasjon. Han eller ho må som lærar vite om dei fire vegane(som er nemd ovanfor) ein kan gå for å finne kvalitetsikker informasjon!

Litteraturliste
Høivik, Tord.(2008) "Fire veier til kvalitet" Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole. Dansk biblioteksForskning 2008


-Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar