mandag 25. januar 2010

Mediesamfunnet - heng skulen med i utviklinga?

Å gi noko godt svar på overskrifta mi er ikkje enkelt. Det som er sikkert er at skulen har eit ansvar når det gjeld å førebu elevar til livet i det moderne mediesamfunnet. Det står i dei nasjonale planane at elevane skal kunne bruke digitale verkty. Og ein av delane dei skal kunne er å bruke desse verktya på ein danna og god måte( Krumsvik 2007).

I artikkelen "Krever medieutviklingen en ny dannelsetenking" av Svein Østerud tek han opp dette med danning og om skulen gjenspeglar korleis samfunnet har gått over til å bli eit mediesamfunn.

Han seier noko om korleis kunnskapen i skulen har gått fra å vere statisk og av ein objektiv storleik til å bli meir dynamisk og subjektiv, at den heile tida er i forandring og at kunnskapen høyrer til ein person, den er blirr meir intim( Østerud)

Vidare meiner han at Kunnskapsløftet ikkje har tenkt grundig nok over komptetanseomgrepet. Han meiner at danningsperspektivet vil forsvinne dersom ein dei blir forankra i enkle isolerte læringsmål som i L06 og at han saknar ein teori om korleis vi mennesker tar i bruk teknologien med eit bestemt føremål. At det finnast ein dynamikk mellom menneske, teknologien og verda rundt oss.

Noko han også peiker på er at litteracy-omgrepet er forandra. Å vere "literate" er ikkje lenger berre det å kunne å lese og skrive. Ein må også kunne ta i bruk ulike medieringsformer for å få fram sitt budskap. Ei medieringsform kan vere ei datamaskin.

Når det gjeld sjølve danningsomgrepet seier Østerud at det er dynamisk og transformativt. At skulen heile tida er i utvkling og derfor må den også heile tida vere open for forandringar slik at den heng med i den teknologiske utviklinga. Og det at literacy-omgrepet er forandra stiller større krav til å lære elevane om danning i eit nytt mediesamfunn.

Eit problem er at dagens skule ikkje møter elevane på deira nivå og ser heller på samfunnet som elevane veks opp i som noko negativt og skummelt. På denne måten blir det ikkje trekt nokon forbindelseslinjer mellom skulen og samfunnet ellers. Kanskje de var derfor at 1700 elevar strauk på norskeksamen på VGS i 2001? At sidan skulen plutseleg tok ironien til sitt bryst og gav elevane ei oppgåve om rein ironi, då hadde ikkje elevane evner til å forsåt dette sidan skulen ikkje på nokon måte tidlegare hadde gjenspegla det ironisamfunnet som dagens unge faktisk veks opp i gjennom si undervisning.

Rune Haugen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar