mandag 15. februar 2010

Digital arena!

Ein digital arena er ein plass der ein kan bruke digitale medier. Til dømes kan skulen vere ein digital arena. Det opp til lærarane kor digital skulen skal vere som arena. Det som i alle fall er sikkert er at barn og unge veks opp i ein digital revolusjon. 98 % av alle barn mellom 8 og 18 år har internett heime, og det er meir enn befolkninga generelt( Wold s 66). Skulen si rolle blir å tilpasse seg denne utviklinga.

Det at skulen tilpassar seg kvar enkelt elev er ikkje enkelt. Eit døme som viser at dette ikkje er enkelt er at i dei seinare år har undersøkingar vist at den norske skulen er ein jenteskule, der jenter store sett scorar betre enn gutar på alle testar og prøver. Kvifor er det slik? For mange kvinnelege lærarar? Uansett kva grunnen er må det rettast opp. Ein ting som skulen kan bli flinkare til er å kanskje ta i bruk meir digitale verkty. Dette er noko som gutane interesserer seg for. Fleire undersøkingar viser at til dømes dataspel er noko dei særleg bruker mykje tid på(Wold side 115). Kanskje fått dette inn i undervisninga? Men korleis? Her må i alle fall eg tenkje litt. Men eg er sikker på det finst ein måte å gjere det på. Ein må i alle fall ikkje favorisere jentene sin mediekultur. Ein må ikkje la gutane ha ein skulekultur som er fullstendig forskjelleg frå deira jevnalderkultur. Då vil veldig mange bli skulehatarar.

Ein må altså skape ein skulekultur der elevane ser samanheng med samfunnet ellers. Dei må sjå at skulen jobbar for å vere ein del av det stadig utviklande digitale samfunnet, og på denne måten vil dei lettare akseptere skulen og den sine verdiar og då sjå meirverdi i det som skjer på nettopp skulen.

-Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar