fredag 12. februar 2010

Digitale tankekart - fordelar?



Heilt sidan eg gjekk i femte klasse har eg høyrd maset om tankekart. Kor nyttig det var å lage eit slikt før ein skulle ta til å skrive den berømte forteljinga om den endå meir berømte fjellturen. Eg fekk aldri heilt taket på desse karta. Og dersom eg fyrst prøvde såg arket ut som om ein 3 åring hadde gått berserk.Rotete og fullstendig uten samanheng.

Med desse erfaringane slo eg frå meg tankekartet tidleg. Til skaparen av tankekart si store glede, reknar eg med.

Når eg no før jul fekk sjå korleis ein lagar eit digitale tankekart, blei eg veldig engasjert. Og dette satte i gang tankane mine. Som eg faktisk la inn i eit digitalt tankekart om fordelar og ulempar. Det blei sjåande slik ut:


(trykk på tankekartet for å sjå heile)

 
Det som er viktig med slike kart er at elevane lærer med verktøyet, ikkje av det.

- Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar