fredag 18. september 2009

Akademisk skriving

Akademisk skriving handlar om det å skrive ein tekst med fagleg tyngde. Mottakar som skal lese teksta forventar at du som skrivar produserer ein tekst som har forankring i fagleg teori. I tillegg til at innhaldet skal vere fagleg er det også klare krav til oppsett av slike oppgåver. Innleiing med problemstilling og presentasjon av temaet ditt, hovuddel og til slutt ein konklusjon der du oppsummerer hovudpunkta du har lagt fram i teksta og kanskje peikar litt på vegen vidare må vere med. Vidare er det viktig at ein er veldig nøye med kjeldebruken i slike fagtekstar. Skriv heller ei kjelde for mykje enn ei for lite. Dersom ein er usikker på korleis ein skal referere til kjelder finst det fleire nettsider som kan hjelpe deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar