tirsdag 29. september 2009

Bruk av digitale læringsressursar i skulen

I leksjonen om tekstskaping i IKT blir det nemnt at det er på tide at vi lærarar bruker teknologien vi har tilgjengeleg konstruktivt. At vi bruker den på ein formålstenleg og undervisningsrelatert måte. Dette er ein tanke eg er samd i. Det finnast fleire gode skule - relaterte lenkjer på nettet som vil vere nyttige i ein undervisningssituasjon. Som matematikklærar vel eg å vise til to lenkjer som eg har hatt nytte av i mi undervisning. http://www.matematikk.org/ og http://www.matematikk.net/(Ungdomsskulen) Vi som lærarar må tore å bruke slike lenkjer i undervisninga. Det skaper variasjon og er med på å gjere undervisninga meir interessant for elevane.

Ein anna ting eg tenkjer på er om bruk av digitale læringsressursar kan vere med på å gjere tilpassa opplæring lettare. Læringsressursar er alt det vi som lærarar vel å ta i bruk for å støtte undervisninga. Vi bruker dei læringsressursane vi meiner vil fremje læring i størst mogleg grad. Slik eg ser det er digitale læringsressursar med på å gi læraren fleire moglegheiter til å tilpasse si undervisning og på denne måten treffe fleire elevar med undervisninga si. Hjå nokon elevar vil tradisjonelle skulebøker vere det beste, andre synest konkretiseringsmateriell gjer læring lettare medan andre igjen vil seie at bruk av data og digitalt læringsmateriell vil fremje deira læring best.

Rune H

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar