fredag 2. oktober 2009

Korleis fangar skulen gjennom læreplanen opp born si tidlegare og parallelle erfaring med medium

Det å bruke digitale verkty er ei av dei fem grunnleggjande ferdigheiter som skal integrerast i alle fag. Planen er lagt opp slik at alle fag har eit avsnitt eller to om korleis digitale verkty skal inngå i dei ulike faga. Som matematikklærar vel eg å sjå på kva planen seier om bruk av digitale verkty i nettopp matematikk.

I førmålet med faget blir det nemnt at i arbeid med teknologi er matematikk eit nyttig reiskapsfag. Vidare står det at å kunne bruke digitale verkty i faget er å bruke slike verkty til å spele, visiualisere og publisere. Slik eg forstår dette kan det til dømes vere å vise dei andre elevane kva som skjer dersom ein multipliserer ein brøk med ein annan brøk. Det er også nemnt problemløysing og vite kva tid det er høveleg å bruke dei ulike hjelpemidla.

Slik eg ser det legg planen opp til mykje bruk av digitale verkty og det er opp til kvar enkelt lærar å vurdere korleis han eller ho vil bruke det. Eit problem knytt til dette er at det i dag sit elevar med kunnskap om digitale verkty som er større enn den læraren sit inne med og defor vil dei ikkje møte store nok utfordringar knytt til det å bruke ulike verkty.

Konklusjonen må då bli at planen legg opp til at læraren skal bruke digitale verkty, men at han står veldig fritt i forhold til korleis han eller ho vil bruke det. Vidare er det slik at begrensinga ikkje ligg i planane men at veldig mange lærarar har for lite kompetanse når det gjeld å bruke digitale verkty, som igjen fører til at dei vel å IKKJE bruke det i undervisninga. Dersom han eller ho vel å bruke det vil elevane ikkje møte nok utfordringar pga at dei sjølve sit inne med meir kunnskap enn læraren sin.

-Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar