torsdag 29. oktober 2009

Har eg låg, middels eller høg måloppnåing?

Svaret på overskrifta skal eleven vite med seg sjølv når han eller ho har jobba seg gjennom eit kompetansemål. Oppgåva til lærarane blir å presentere måla for elevane før læringsprosessen byrjar. Han eller ho skal gjere elevane merksame på kva krav ein stiller til dei for at eleven skal oppnå låg, middels eller høg måloppnåing.

I denne oppgåva skal vi ta føre oss eit sjølvvalt kompetansemål i kunnskapsløftet. Dette kompetansemålet skal vi bryte ned i mindre mål etter Blooms taksomi, der eleven blir vurdert etter låg, middels eller høg måloppnåing. Nedanfor ser vi ein modell om kva ein elev må kunne på eit lågt, middels eller høgt nivå. Hukommelse er lågaste nivå og vurdering er høgste nivå. Til kvart nivå er det lagt til ulike verb som kan setjast bak "eleven skal kunne". Til dømes skal eleven for å prestere på lågt nivå kunne gjenkjenne, gjengi og beskrive( modell.

(Modellen er henta frå leksjon 301009, Kjelle Vgs 2008)



Kompetansemålet eg har valt meg er: Eleven skal kunne: lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy

 Låg måloppnåing:
  • eleven skal kunne lagre ein tekst med bilde i eit Word-dokument
  • eleven skal kunne finne eit bilete på eiga hand. Så skal dei kopiere dette og lime det inn i teksta si.
  • eleven skal finne bilete som er i samsvar med teksta sitt bodskap
  • eleven skal kunne skifte skrifttype i teksta si. Til dømes frå Times New Roman til Arial.
  • eleven skal kunne lage ei enkel overskrift i Word Art. 
Middels måloppnåing:
  • eleven skal kunne velge ut eit bilete frå internett og laste det ned til teksta si.
  • eleven skal kunne gjere enkel redigering av bileta dei hentar ned. Til dømes beskjæring av bilete.
  • skal kunne sammenlikne ulike verkemiddel for bilderedigering og bruke det verkemiddelet dei synest er best.
  • eleven skal kunne anvende fleire ulike overskrifter til teksta si i Word Art
Høg måloppnåing
  • eleven skal kunne drøfte kva for ulike skrifttypar som vil gjere den samansette teksten deira betre.
  • eleven skal kunne ta stilling til om den samansatte teksten han eller ho har laga er god nok utifrå deira føresetnadar.
  • eleven skal kunne presisere kvifor han gjer sine val om til dømes bildebruk, overskrift.
  • eleven skal kunne vere kritisk til dei verkemiddel dei tar i bruk. Om det "gangnar" teksta deira. Bedømme ut i frå ulike kriteriar om teksta dei har laga er fagleg bra
  • eleven skal kunne vurdere korleis han eller ho vil redigere bileta sine.

Det å bryte ned eit kompetansemål er ikkje enkelt og det tek tid. Men det er noko som må gjerast, skaleleven få vite kva han eller ho må kunne i faget, og på denne måten jobbe målretta

Kan også ta med ei lenkje som viser ein modell over Blooms taksonomi og bruk av digitale verkty.


Er kanskje ikkje heilt einig i alle plasseringane her. Til dømes meiner eg at youtube kan brukast både til å forstå og anvende kunnskap. Det å lage noko å leggje det ut er vel på linje med å blogge?Som  ligg øverst?

-Rune H

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar