torsdag 15. oktober 2009

Ein fotograf kan ta i bruk mange verkemiddel

Ein fotograf kan ta i bruk mange verkemiddel når han eller ho skal ta eit bilete.

Bileta eg har valt meg ut viser nokon verkemiddel.

Til dømes vil horisontale linjer uttrykke ro, fredfullheit, stillheit og varigheit. Horisontale former ligger stabilt og vil ikkje falle ned over oss.

Her er eit bilete for å illustrere dette.:


Som vi ser har dette bilete klare horisontale linjer. Når eg ser på bilete får eg ei kjensle av ro. Eg får ei kjensle av at dette er ein plass eg kan slappe av.


Det andre døme eg vel å ta med er eit bilete der fotografen brukar vertikale linjer for å få fram styrke og kraft. Bilete skal uttrykkje verdigheit og byrgskap.





Dette bilete er fulle av vertikale linjer. Eg tenkjer at dette er eit bilete med kraft i. At dette skipet er litt av eit skip med litt av ein historie.


Denne lenkja fortel om mange verkemidler og har gode døme til kvart verkemiddel. Eg har også henta bileta mine frå denne lenkja:
http//www.kunstogdesign.no/virkemid_foto.html

Andre verkemiddel ein kan ta i bruk er:

  • diagonale linjer--> uttrykkjer uro og bevegelse i bilete
  • kurver--> kan gi inntrykk av skjønnheit
  • kontrastar-->for å framheve ting i bilete.
  • rytme og repitisjon--> gjer at den som ser biletet veit kva som kjem.
  • sammanfallande linjer-->skaper dybde i bilete. Til dømes ein lang korridor.
  • lys--> lys og skygge er ein måte å framheve noko på. Svart - kvit kontrast til dømes
  • 45 graders sidelys, 90 graders sidelys og motlys.
  • balanse--> Til dømes at det er ein tung gjenstand i eine hjørnet av bilete. Da kan ein bruke ein annan gjenstand i det andre hjørnet for å skape balanse.
På bilete til venstre er fjellet veldig dominerande. PÅ biletet til høgre er ikkje fjellet like dominerande på grunn av at det mørke området til høgre i bilete skapar balanse. Bileta er henta frå: http://www.fototips.no/index.php??
  • tredjedelsregelen--> ein deler bilete inn i to vannrette strekar og to loddrette strekar. Då "deler" du bilete inn i tre. Dette blir også sett på som ein forenkling av det meir berømte "det gylne snitt". Regelen seier at motivet som fotografen ønskjer å framheve skal plasserast i eit av dei fire kryssningane mellom dei vertikale og dei horisontale linjene.
Her ser vi at fotografen har plassert motivet i kryssninga mellom dei vertikale og horisontale linjene nede til venstre. Bilete har eg henta frå :http://www.boston.com/bigpicture/2009/10/tango.html
-Rune H

2 kommentarer:

  1. Mange flotte bilete med gode komposisjonsmessige trekk :-)

    SvarSlett
  2. Ja, eg leikar ikkje fotointeresert-bloggar. ;)

    SvarSlett