fredag 30. oktober 2009

Vurdering skal fremme læring!

Sjølve poenget med å vurdere ein elev er at vurderinga fungerar læringsfremjande. Eleven skal få undervegsvurdering og sluttvurdering. Den vurderinga eleven får undervegs må vere matnyttig for eleven. Han eller ho må få ei kjensle av at vurderinga dei får med læraraen fremmer læring. På denne måten vil sluttvurderinga bli meir rettferdig.

Det nasjonale prosjektet "Bedre vurderingspraksis" har gitt eit auka fokus på meir individuell vurdering.

Erfaringer eg har frå praksis er at dette med auka fokus på elevvurdering stemmer. På skulen eg jobba på i fjor var satsingsområde vurdering. Vi deltok på ulike kurs i kommunens regi og fekk ein heil del kunnskap om dette med å vurdere eleven, både summativ og formativ vurdering. Altså sluttvurdeing og undervegsvurdering. Det skulen min tok tak i var dette med å bryte ned kompetansemål til mindre delmål etter Blooms taksonomi. Elevane blei vurdert og fekk vite om dei hadde låg, middels eller høg kompetanse på "hovudmålet". Eg for min del byrja kvart kapittel med å presentere måla for elevane på powerpoint. Desse måla fekk dei også lime inn i bøkene sine + at dei også sjølvsagt hadde desse måla på vekeplanen.

På slutten av kvar veke hadde vi test på om kor godt dei kunne del-måla. På denne måten kunne vi gi eleven undervegsvurdering og gjere han eller ho bevisst på kva dei kan eller ikkje kan. Etter kvart kapittel hadde vi også prøve og eleven fekk ei summativ vurdering. Denne prøva og vurderinga hadde sjølvsagt utgangspunkt i dei del-måla elevane hadde jobba med undervegs.

Problemet vårt var at vi fekk lite tid og det blei aldri nok kontinuitet i dette med å bryte ned måla. Det blei sporadisk. Ei veke hadde vi veketest, ei anna hadde vi ikkje. Det som vi klarte å halde kontinuerleg var

Når det gjeld andre ting ein kunna ha gjort for å betre vurdeingspraksisen er det ein skule eg vil nemne. Det er Halbrend skule. På denne skulen bruker ein mykje mapper. Dei samlar det arbeidet som elevane gjer i ulike mapper. Elevane har ei arbeidsmappe, ei vurderingsmappe og ein portifolio(visningsmappe). Arbeidsmappa skal vise eleven si utvikling i faget og inneholde lærarens undervegsvurdeing, vurderingsmappa skal innehalde dei ferdige arbeida i faga medan portifolioen skal innehalde tekstar som elevane vel ut. På denne måten vil elevane vere bevisste på sin læringsprosess og vere i posisjon til å lære meir.

-Rune H

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar