mandag 26. oktober 2009

Rekneark - eit nyttig verkemiddel i undervisninga

Når eg høyrer ordet rekneark tenkjer eg tilbake til då eg gjekk på ungdomsskulen og vi skulle lage budsjett til elevkveld. Vi rekna ut utgifter og inntekter. Dette var noko eg syntes var kjekt. Diverre gjorde vi det alt for sjeldan. Og einaste faget vi nytta det i var matematikk.

Nedanfor kjem ein del lenkjer som kan vere nyttige for lærarar å bruke i undervisninga og som kan vere med å gi meirverdi for elevane.

Den fyrste lenkja er eit rekneark med ein gongetabell.

https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tHZYilZDfpkBP7mQ0WkMg9g

Med dette reknearket kan elevane få tilgong til "alle" gongetabellane i verda. Dersom dei til dømes vil sjå korleis 34 gongen ser ut, set dei berre inn 34 i celle C4 istadenfor 123.

Eg trur at dette vil vere med på å lære elevane lettare multiplikasjon. At dei lettare ser samanhengar i talrekkjene.

Den andre rekneark-lenkja eg vil presentere er ei gloseprøve.

https://spreadsheets2.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tdXcPvp0f-EM2O70vVGeXcQ

Her skriv eleven inn dei engelske orda i kolonne C. Dersom eleven skriv glosen rett kjem det fram "kjempeflott" i kollone E. Slik:

B6= vindu, C6= window, D6=kjempeflott

B6=vindu, C6= Vindow, D6 = feil


På denne måten får eleven tilbakemelding med ein gong og kan rette eventuelle feil på staden. Dette gjer at han eller ho ikkje gløymer glosane og dermed vil glosane sitte betre. Det er også slik at mange elevar som må ta igjen ei gloseprøve etter ei tid verkn har motivasjon eller lyst til det.Ein kan sjølvsagt bytte ut dei norske orda i B-kolonna med matematikkoppgåver, eller spørsmål i samfunnsfag. Då må ein hugse å rette formelen også.

Den siste rekneark-lenkja eg vil presentere er eit rekneark som viser samanhengen mellom alkohol-inntak, promille og kroppsvekt.


https://spreadsheets1.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tWk--3KlGwBImk10c9m8s-Q


Dette er eit rekneark som kan brukast i fleire fag. Elevane kan taste inn sin vekt, og til dømes 1000ml øl(1 liter). Da vil det komme opp kor mykje promille han eller ho vil få. Tabellen viser også korleis promilla minkar for kvar time. Dette er noko ein kan knytte opp til matematikk, samfunnsfag, naturfag m.m. Eg trur også at denne tabellen kan vere med på å vise elevane at drikking i ung alder kan vere farleg. Til dømes vil ei jente på 50 kg som drikk ei 6pk med øl få ei promille på 3.55. Dette er skremmande når promille over 3 er dødeleg.

Dette var tre lenkjer til rekneark som ein kan bruke i skulen. Vi ser at det ligg store moglegheiter i bruk av rekneark. Større enn det å berre lage av budsjett i matematikk.

-Rune H

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar