onsdag 14. oktober 2009

Læringsressursar på internett

Det finnast eit stort antall internettsider som vi lærarar kan ta i bruk i undervisninga vår. Det ligg ute så mange gode sider at eg har problemer med å velje ut berre et par eg tykkjer er bra. Men la gå. Eg vel å ta med denne: http://http//www.gyldendal.no/steps/steps1-2/index.html som er ei lenkje til engelsk for fyrste og andre klasse. Eg brukte denne sida då eg jobba i barneskulen forrige skuleår og synes det er ei lærerik side for elevane. Den neste eg vel å ta med er: http://http//www.naturfag.no som er ei side der du kan finne aktiviteter til både barnetrinn og ungdomstrinn. Den siste eg tar med er: http://http//www.nrk.no/skole/ her finn du mykje rart. Eg har sjølv nytta ein del gode filmar frå denne lenkja i undervisninga mi.

Kan også ta med http://pluto.hive.no/pluto2003/klg/praksis/novellestafett/A2.htm som er eit novelle-prosjekt skrevet av ei tiande klasse. Det var ein veldig artig måte å gjere det på. Viser litt kva moglegheiter ein har i forhold til å skrive for hand på eit stykke papir.

Fordelane med å bruke slike sider er fleire.
  • det gir elevane ein variasjon i undervisninga.
  • elevar som har problemer med å skrive i kan få kjensle av å meistre ved å sitje ved ei datamaskin.
  • konkretisering av til dømes å forstå brøk blir gjort tydelegare på slike sider.
  • har ofte fleire måter å forklare noko på.
  • andre får tilgang på det. Gir inspirasjon.
  • gir mogleheiter til å forklare ting med bilder.
Det finnast sikkert fleire grunnar, men dette er alt eg kjem på no.
- Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar