søndag 25. oktober 2009

IKT - har det meirverdi for elevane?

Med IKT blir dårleg undervisning verre, men med IKT blir god undervisning betre. Dette vil sei at dersom du har ei god undervisning vil denne bli betre med IKT.

For det fyrste vil bruk av IKT gi elevane ekstra motivasjon. Det å få bruke eit nytt verktøy vil gi ein indre motivasjon. Det er også forsking som seier at bruk IKT i undervisninga er motiverande( nettkjelde 2)(Krumsvik 2007 s 102).

Det er også slik at bruk av digitale verkty vil gi elevar som ikkje har ein skikkeleg handskrift ein betre kvardag. I dette tilfelle skal elevane bruke bilete til å fortelje eit eventyr. På denne måten slepper eleven fokuset på handskrifta si og kan konsentrere seg fullt og heilt om sjølve innhaldet i prosjektet. Dette er også ei moglegheit for elevar som ikkje er teoretikarar av natur til å vise seg fram. Her kan dei få vere praktisk. I tillegg til at fokuset blir tatt vekk frå handskrifta vil gode retteprogram hjelpe elevane til å sjå eigne feil. Dei som bruker mykje digitale verkty ser at det hevar kvaliteten på skrivinga deira( Krumsvik 2007 s 102).

Vidare vil bruk av digitale verkty vere med på å gi variasjon i undervisninga. Elevane bytter ut blyant med eit digital kamera og får oppleve at det også kan gi læring. Det er viktig at bruk av digitale verkty blir ein del av kvardagen til elevane, å ikkje berre noko læraren berre finn på av og til. Det er fyrst når IKT-bruken blir like naturleg som blyant og linjal i læringsarbeidet at ein vil sjå resultat av satsinga.

Ein anna ting er at det blir lettare å tilpasse opplæringa ved bruk av digitale verkty. Elevar med lese og skrivevanskar får tilgang til fleire ressursar enn ved berre å sitje med ei lærebok. Det er også slik at ved til dømes å gå på internett kan elevane finne ei sider som bruker visuelle, auditive og kinetiske verkemiddel. Nokon sider bruker alle tre. På denne måten vil IKT ”treffe” fleire elevar og enda fleire elevar vil få positive læringsopplevingar( Nettkjelde 3).
Det er også slik at IKT gir elevane nye kommunikasjonsformer og samhandlingsmoglegheiter. Det at elevane til dømes får moglegheit til å prate med elevar frå andre delar av verden både gjennom videosamtalar og vanlege chatte- program vil bidra til å utvikle læringsarenaen til dei. Eit døme frå praksis var at ein elev i den klassa eg hadde spurde ein elev på ein skule i England om svaret på ei matematikkoppgåve. Dei får ei mykje større arena for å finne kunnskapen sin. Det er ikkje lenger berre læraren som sitter med det riktige svaret.

Det som uansett blir viktig for at IKT skal gi meirverdi for elevane er at læraren ser kva tid det kan vere nyttig å ta i bruk digitale verkty og kva tid det ikkje er nyttig og då heller bruke læreboka. Han eller ho skal ikkje ta i bruke digitale verkty berre for å gjere det, men ha ei god pedagog-didaktisk grunngjeving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar