mandag 19. oktober 2009

Integrere IKT. Kven har ansvaret?

Kva rolle har eigentleg læraren når det gjeld å integrere IKT i undervisinga? Kva reelle
valmoglegheiter har han/ho i høve til skulen si oppgåve i samfunnet?
Kva rolle har skuleleiinga når det gjeld å integrere IKT i undervisinga? Korleis bør
rollefordelinga vere i dette arbeidet?


I sjølve prosessen ved å integrere IKT i undervisninga er det viktig at lærarane har dei rette holdningane og tar imot IKT med åpne armar. Slik det er i dag er det fleire skular som har vanskar med å integerer IKT i skulen på grunn av at veldig mange lærarar gjer seg vanskelege. Dei tviholder på den tradisjonelle tavleundervisninga og gir elevane signal om at dei ikkje er interesert i å gi elevene kompetanse som gjenspeglar dagens samfunn( nettkjelde 1).


Slik eg ser det har læraren to val. Han kan ta vare på den gamle skulekulturen, der tradisjonell tavleundervisning er gjeldande eller han kan ta imot IKT med åpne armar. Det som blir viktig dersom læraren vel det siste er at han eller ho sit inne med nok pedagogisk kompetanse, slik at IKT gir merverdi elevane.


Når det gjelder rollefordelinga for å integrere IKT spelar skuleleiiarane ei viktig rolle. Deira engasjement er avgjerande for at det skal bli satset på IKT. ITU-rapporten viser at dersom ein kompetent lærar har støtte frå leiinga vil han i mykje større grad få til å integerer digitale verkty i undervisninga si. Rapporten viser vidare at elevar skårar høgre på digitale prøver der skuleleiinga set av ressursar til spesifikk bruk av IKT i ulike fag( nettkjelde 2).

Noko anna som er viktig når vi skal oppdra elevane til å bli kompetente mennesker i det digitale samfunnet er å ikkje gløyme dette med menneskeleg kontakt. Vi må fortsette å vise omsorg og vere der for elevane. Dette blir ekstra viktig i eit samfunn der mennesker i veldig stor grad kommuniserer gjennom ulike digitale verkty. Til dømes er datamaskina den nærmaste medarbeidar til veldig mange. Slik må det ikkje bli i skulen( nettkjelde 3).

Til slutt vil eg seie at dersom ein lærar skal lukkast med å integrere IKT i si undervisning må han eller ho sleppe å tenkje på om han har ledelse og ressursar med seg. Det må vere på plass og leiinga må vise klart og tydeleg at dei er med på å ville integrere IKT i skulen. Læraren på sin side skal fullt og heilt konsentrere seg om sjølve undervisninga og bruke tid på å finne ut kva tid IKT vil gi meirverdi for elevane.

_________________________________________________________________

Nettkjelde 1: http://tux1.aftenposten.no/meninger/kronikker/d173260.htm

Nettkjelde 2: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf

Nettkjelde 3: http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____21594.aspx

-Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar