fredag 2. oktober 2009

Er læraren flaskehalsen i IKT-undervisninga?

På dette spørsmålet kan ein både svare ja og nei. Veldig mange lærarar er flaksehalser fordi dei rett og slett ikkje har kompetanse nok. Det er også slik at mange lærarar er flaskehalsar sjølv om dei har IKT-kompetanse. Problemet deira er at dei ikkje er flinke nok til å formidle denne kompetansen sin til elevane. Det er slik at digital kompetanse ikkje berre handlar om å kunne det tekniske. Ein må i tillegg til det å ha basale tekniske ferdigheiter må ein sitte inne med pedagogisk kompetanse, ein må ha kompetanse om å bruke ulike læringsstrategiar og i tillegg til det må han eller ho ha digital danning. Med digital danning meiner ein at læraren har den kompetansen som skal til når det gjeld å bruke verktya rett. Til dømes at han eller ho lærer elevane å bruke internett på ein skikkeleg måte. At ein tar på seg eit " oppdragaransvar" og kjem med gode råd.

Det som i alle fall er klart er at elevar som har lærarar uten kompetanse ikkje vil få oppleve å bruke digitale verkty, og dersom dei får prøve desse verktya blir det på eit nivå langt under det eleven eigentleg er på.

Vidare har vi lærarar som har kompetanse og kunnskap om bruk av digitale verkty og som brukar denne for alt det er verdt i undervisninga si. Her vil elevane få oppleve å møte digitale verkty i alle fag. Ein kan til dømes bruke verktya i matematikk.

- Rune

1 kommentar:

  1. Når du seier ein kan svare både ja og nei, er det veldig vanskelig å være enig eller uenig i det du skriv ;)

    Eg er enig i det du skriv om at ein del lærarar ikkje har kompetanse nok. Men ein kan då spørja seg, kva kompetanse skal dei ha? Eg reknar med dei fleste lærarar klarer å søke i google eller kanskje jamvel finne eit klipp på youtube, men om dei er like drevne i nettby eller msn messenger som elevane er kanskje ikkje tilfellet.

    Eg trur at på den eine sida vil den jamne lærar aldri vil kunne ha like god generell digital kompetanse som dei fleste av sine elevar. Dette er naturlig sidan elevane har vakse opp med denne teknologien, medan læraren må lære dette i vaksen alder og sikkert ikkje brukar det like ofte som elevane.

    På den andre sida kan læraren briljere med betre avgrensa digital kompetanse. Det er lite truleg at elevane brukar alle læreverktya som ein lærar er kjend med (t.d. google documents eller diverse øvingsprogram for t.d. staving/rekning). Her vil læraren ha ei moglegheit til å lære elevane noko, og veilede dei i bruken av det aktuelle verktyet for å oppnå god læring.

    Den digitale verda er alt for omfattande til at ein kan forvente at ein lærar beherskar alt betre enn elevane. Læraren må difor velje med omhu kva for verkty som skal brukast, kvifor, og beherske desse betre enn/like bra som elevane.

    SvarSlett